Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Jakobs brev

Jakobs brev

1. kapitlet

1 Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ætterne som er spreidde i framande land.

2 Haldt det for berre gleda, mine brør, når de kjem ut i ymse freistingar,

3 etter di de veit at prøvingi av dykkar tru verkar tolmod!

4 Men tolmodet må føra til fullkome verk, so de kann vera fullkomne og heile og ikkje vanta noko.

5 Men dersom nokon av dykk vantar visdom, so bede han Gud, han som gjev alle viljugt og utan vondord, og han skal få.

6 Men han må beda med tru og ikkje tvilande; for den som tvilar, er liksom havbåra, som vert rørd og rugga av vinden.

7 For ikkje må det menneskjet tru at han skal få noko av Herren,

8 slik ein tvihuga mann, ustød på alle sine vegar.

9 Men den låge broren rose seg av sin høgleik,

10 og den rike av sin lågleik; for han skal kverva burt som blomen på graset:

11 Soli gjekk upp med sin hite og gjorde graset turt, og blomen på det fall av, og hans fagre åsyn vart øydelagd. Soleis skal og den rike visna på sine vegar.

12 Sæl den mannen som held ut i freisting! for når han er prøvd, skal han få livsens kruna, som Gud hev lova deim som elskar honom.

13 Ingen må segja når han vert freista: «Eg vert freista av Gud;» for Gud er ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.

14 Men kvar ein vert freista når han vert dregen og lokka av si eigi lyst!

15 sidan, når lysti vert med barn, ber ho synd; men når syndi er fullmogna, føder ho daude.

16 Far ikkje vilt, mine kjære brør!

17 All god gåva og all fullkomi gåva kjem ovantil frå faderen til ljosi, han som det ikkje er umbrøyte ved eller skiftande skugge.

18 Etter sin vilje hev han født oss ved sannings ord, so me skulde vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.

19 Det veit de, kjære brør! Men kvart menneskje vere snar til å høyra, sein til å tala, sein til vreide,

20 for ein manns vreide verkar ikkje det som er rett for Gud.

21 Legg difor av all ureinskap og alt som er att av vondskap, og tak med spaklynde imot ordet som er innplanta i dykk, og som er megtigt til å frelsa sjælerne dykkar!

22 Men vert slike som gjer etter ordet og ikkje berre høyrer det og dermed dårar dykk sjølve!

23 For dersom nokon høyrer ordet og ikkje gjer etter det, då er han lik ein mann som skodar sitt naturlege andlit i ein spegel;

24 han skoda seg sjølv og gjekk burt og gløymde straks korleis han såg ut.

25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held ved med det, so han ikkje vert ein gløymsam tilhøyrar, men ein som gjer gjerningi, han skal vera sæl i si gjerning.

26 Dersom nokon meiner at han er ein gudsdyrkar, og ikkje tøymer tunga si, men dårar sitt eige hjarta, hans gudsdyrking er fåfengd.

27 Ei rein og lytelaus gudsdyrking for Gud og Faderen er dette: å sjå til faderlause og enkjor i deira trengsla, å halda seg sjølv uflekka av verdi.

2. kapitlet

1 Mine brør! Lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg, at de gjer skil på folk!

2 For um det kjem ein mann inn i dykkar samling med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde,

3 og de ser på honom som hev den skinande klædnaden, og segjer til honom: «Set du deg her i god sess!» og de segjer til den fatige: «Statt du der, eller set deg nedfor fotskammelen min!» -

4 gjer de ikkje då skilnad hjå dykk sjølve og dømer etter vonde tankar?

5 Høyr no, mine kjære brør! Hev ikkje Gud valt ut dei fatige i denne verdi til å vera rike i tru og ervingar til det riket han hev lova deim som honom elskar?

6 Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolarne?

7 Spottar ikkje dei det gode namnet som de er kalla med?

8 I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter skrifti: «Du skal elska din næste som deg sjølv,» so gjer de vel;

9 men gjer de skil på folk, so gjer de synd, og lovi refser dykk som lovbrjotarar.

10 For den som held heile lovi, men snåvar i ein ting, han hev vorte saka i alt.

11 For han som sagde: «Du skal ikkje driva hor,» han sagde og: «Du skal ikkje slå i hel.» Um du då ikkje driv hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar.

12 Tala so og gjer so som dei som skal verta dømde etter fridoms lov!

13 For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen.

14 Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa honom?

15 Um ein bror eller ei syster er nakne og vantar føda for dagen,

16 og ein av dykk segjer til deim: «Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette!» men de ikkje gjev deim det som likamen treng, kva gagnar so det?

17 Soleis og med trui: hev ho ikkje gjerningar, so er ho daud i seg sjølv.

18 Men ein kann segja: «Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, og eg skal syna deg mi tru av mine gjerningar!

19 Du trur at Gud er ein; du gjer rett. Djevlarne trur og det og skjelv.»

20 Og vil du vita det, du dårlege menneskje, at trui er nyttelaus utan gjerningar?

21 Abraham, vår far, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret?

22 Du ser at trui verka saman med hans gjerningar, og at trui vart fullkomi ved gjerningarne,

23 og skrifti vart uppfyllt, som segjer: «Men Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd,» og han vart kalla Guds ven.

24 De ser då, at eit menneskje vert rettferdiggjort ved gjerningar og ikkje berre ved tru.

25 Like eins og med skjøkja Rahab: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennerne og slepte deim ut ein annan veg?

26 For liksom likamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.

3. kapitlet

1 Mine brør, ikkje mange av dykk verte lærarar! etter di de veit at me skal få dess tyngre dom.

2 For alle snåvar me i mangt. Den som ikkje snåvar i tale, han er ein fullkomen mann, som er før til å tøyma heile likamen.

3 Når me legg beisl i munnen på hestarne, so dei skal lystra oss, so styrer me og heile likamen deira.

4 Sjå og skipi: endå dei er so store og vert drivne av sterk vind, so vert dei då med ein liten ror styrde dit som styremannen vil hava deim.

5 So er og tunga ein liten lem, og talar då store ord. Sjå ein liten eld: kor stor ein skog han set i brand!

6 Tunga er og ein eld; ei verd full av urettferd, soleis stend tunga millom lemerne våre; ho smittar heile likamen og set livsens hjul i loge, og vert sjølv sett i loge frå helvite.

7 For all natur, både i dyr og fuglar, både i ormar og sjødyr, vert tamd og hev vorte tamd av den menneskjelege natur;

8 men tunga kann inkje menneskje temja; ho er ein ustyrleg vond ting, full av døyande eiter.

9 Med henne velsignar me Herren og Faderen, og med henne bannar me menneski som er skapte etter Guds bilæte.

10 Or same munnen kjem det velsigning og banning. Dette må ikkje vera so, mine brør!

11 Kann då kjelda gjeva søtt og beiskt vatn ut or same uppkoma?

12 Mine brør, kann då eit fiketre bera oljebær, eller eit vintre fikor? So kann ikkje heller ei salt kjelde gjeva søtt vatn.

13 Kven er vis og vitug imillom dykk? Han må ved god ferd syna sine gjerningar i visdoms spaklynde.

14 Men hev de beisk ovund og stridssykja i hjarto dykkar, so rosa dykk ikkje og ljug ikkje imot sanningi!

15 Den visdomen kjem ikkje ovantil, men er jordisk, sanseleg, djevelsk.

16 For der det er ovund og stridssykja, der er ugreida og alt det som vondt er.

17 Men visdomen ovantil, han er fyrst og fremst rein, og dinæst fredsam, rimeleg, ettergjevande, full av miskunn og gode frukter, fri for tvil og fri for skrymt.

18 Men rettferds frukt vert sådd i fred for deim som held fred.

4. kapitlet

1 Kva kjem all ufred og strid av millom dykk? Er det ikkje av dykkar lyster, som strider i lemerne dykkar?

2 De lystar og hev ikkje; de slær i hel og ovundast og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;

3 de bed og fær ikkje, av di de bed ille, um slikt som de kann øyda upp i dykkar lyster.

4 De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap imot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.

5 Eller trur de at skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter Anden som han hev late bu i oss. Men di større er den nåde som han gjev.

6 Difor heiter det: «Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.»

7 Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!

8 Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Reinsa henderne, de syndarar, og gjer hjarto reine, de tvihuga!

9 Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege.

10 Audmyk dykk for Herren, so skal han upphøgja dykk!

11 Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.

12 Ein er lovgjevaren og domaren, han som er megtig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer din næste?

13 Og no, de som segjer: «I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,»

14 de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som ei liti stund er synleg og so kverv burt.

15 I staden for at de skulde segja: «Um Herren vil, so kjem me til å liva, og so skal me gjera det eller det!»

16 Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond.

17 Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.

5. kapitlet

1 Og no, de rike, gråt og barma dykk for den ulukka som skal koma på dykk!

2 Rikdomen dykkar er rotna, og klædi dykkar er mol-etne;

3 gullet og sylvet dykkar er burtrusta, og rusti på det skal vera til vitne imot dykk og eta dykkar kjøt som ein eld. De hev sanka skattar i dei siste dagarne.

4 Sjå, den løni de hev halde att for dei arbeidarar som hev skore åkrane dykkar, ho ropar, og ropet frå skurdfolket er kome inn for Herren Sebaots øyro.

5 De hev livt på jordi i kjæla og etter lysterne dykkar; de hev gjødt hjarto dykkar på slagtardagen.

6 De hev domfelt og drepe den rettferdige; ingen gjer motstand imot dykk.

7 Ver då tolmodige, brør, til Herren kjem! Sjå, bonden ventar på den dyre avlingi av jordi og stundar tolmodeleg på henne, til ho fær haustregn og vårregn.

8 So ver de og tolmodige og styrk dykkar hjarto! for Herrens tilkoma er nær.

9 Sukka ikkje mot kvarandre, brør, so de ikkje skal verta dømde! Sjå, domaren stend for døri!

10 Mine brør! tak profetarne, som tala i Herrens namn, til fyredøme på å lida vondt og vera tolmodige!

11 Sjå, me prisar deim sæle som lid tolmodeleg. De hev høyrt um Jobs tolmod og set endelykti frå Herren; for Herren er inderleg miskunnsam og mild.

12 Men framfor alt, brør, sver ikkje, korkje ved himmelen eller ved jordi eller nokon annan eid! Lat dykkar ja vera ja og dykkar nei vera nei, so de ikkje skal falla inn under domen!

13 Lid nokon av dykk vondt, han bede! er nokon ved godt mod, han lovsyngje!

14 Er nokon av dykk sjuk, han kalle til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal beda yver honom og salva honom med olje i Herrens namn;

15 og den bøni av tru skal hjelpa den sjuke, og Herren skal reisa honom upp; og hev han gjort synder, skal dei verta honom forlatne.

16 Sanna då synderne dykkar for kvarandre, og bed for kvarandre, so de kann verta lækte! Rettferdig manns bøn hev stor magt i sin verknad.

17 Elia var ein mann under same vilkår som me; og han bad at det ikkje skulde regna, og det regnde ikkje på jordi på tri år og seks månader.

18 Og han bad på nytt, og himmelen gav regn, og jordi bar si grøda.

19 Mine brør! Um nokon av dykk hev fare vilt frå sanningi, og nokon umvender honom,

20 han skal vita, at den som umvender ein syndar frå hans ville veg, han frelser ei sjæl frå dauden og løyner ei mengd med synder.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024